Pressemelding: Kjennelsen oppsummert frå bitmynt.no

Oslo tingrett forbyr bankar å ha kundar som utfører transaksjonar.

Oslo tingrett ga ikkje Sturle Sunde medhald i mellombels forføyning mot Nordea, men lovbruken er mildt sagt pussig. Hovudsaka gjeld korvidt Bitmynt AS har krav på konto i banken eller ikkje. Normalt har bankar plikt til å ta kundar. Nordea meiner at dette ikkje gjeld når det er risiko for kvitvasking.

– Nordea må anke denne dommen. Dersom denne kjennelsen vert ståande, må banken kvitte seg med alle kundar, seier Sunde.

Nordea peikar på § 10 i kvitvaskingslova, som omhandlar kundeforhold der kundekontroll ikkje er mogeleg. Kundekontroll går ut på å identifisere kven kunden er og føremålet med kundeforoldet. Dersom ikkje kundekontroll kan gjennomførast, skal banken avvikle forholdet.

I denne saka er det ingen tvil om at kunden er kjend og kva føremålet med transaksjonane har vore. Kjennelsen seier at plikta til å avvikle etablerte kundeforhold ikkje skal vere knytt til kundekontrollen, men tvert imot at alle kundefohold skal avviklast dersom framhald av kundeforholdet medfører risiko for transaksjonar med tilknytning til utbyte av straffbare handlingar.

Det vil alltid vere ein risiko for at ein transaksjon har ei tilknytning til utbyte av straffbare handlingar. Det er ikkje mogeleg å eliminere den risikoen fullstendig utan å forby transaksjonar totalt.

Dersom denne lovtolkninga vert ståande, er det i praksis eit forbod mot å ha kundar som utører transaksjonar.

– Banken plikter å gjøre kundekontroll. Generelt er Nordea ansvarlig for vedlikehold av egne monitoreringssystemer og rapportering til Økokrim. Det virker urimelig at Bitmynt skal lide for bankens aktiviteter når andre saklige argumenter uteblir. Retten har gitt bankene monopol på hvitvasking, seier Sylvia Johnsen.

Florø/Oslo, 5. desember 2017


Sylvia Johnsen, forretningsførar Bitmynt AS (under oppstart)
+47 907747474

Sturle Sunde, gründer
+47 57021859