Ny kvitvaskingslov og -forskrift

Måndag den 15. oktober 2018 vert ny kvitvaskingslov med forskrifter gjeldande. Då vert eg rapporteringspliktig etter kvitvaskingslova. Det vil fyrst og framst seie at eg må identifisere alle eg handlar med etter rigide reglar.

Konsekvensen er at eg er nøydd til å samle inn ein heil del meir personinformasjon enn eg ynskjer. Eg lovar å ta godt vare på det du sender meg. Eg vil lagre det på ein kryptert partisjon som berre eg har passfrasen til, like sikkert som eg lagrar mi eiga bitcoin-lommebok. Det vil berre vere tilgjengeleg for meg, og ikkje delast med nokon andre, med mindre lova krev det. Eg må ta vare på dokumentasjonen i fem år etter at siste transaksjon er fullført.

Eg kan identifisere folk på to ulike måtar.

Nytt registreringsskjema

Dersom du er norsk statsborgar kan du no bruke dette skjemaet. Dersom du har og har pass eller nasjonalt ID-kort og tilgang til ein nokon lunde moderne smarttelefon eller avansert nettbrett, kan eg identifisere deg med Nets Passport Reader. Det er rekna som sikker identifikasjon.

Dersom du ikkje kan bruke Nets Passport Reader, må du i tillegg laste opp eit bilete av passet eller førarkortet ditt. Det er mindre sikker identifikasjon, og då må eg stadfeste identiteten din via ei videosamtale. OBS: Det er lang kø for videosamtaler.

Personvern er svært viktig for meg. Alt du legg inn i skjemaet vert kryptert med PGP før det vert lasta opp til webtenaren, og den private nøkkelen som trengst for å dekryptere finst ikkje der. Ein jobb hentar data vidare til ei sikker maskin der skjemaet vert dekryptert og informasjonen lagt inn i ein kryptert database.

Alternativ

Dersom fyrste metode ikkje fungerer, til dømes fordi du er utanlansk statsborgar treng eg: Andre former for ID, som bankkort eller studieprov, er ikkje godkjent. Skriv adressa som ho står på eit brev.

Dersom du vil sende meg bilete av pass eller førarkort via epost, kan du gjerne kryptere eposten med PGP. Nøkkelen min finn du her. Du kan òg sende meg ein attestert kopi av passet i papirpost. Då vil eg ikkje lagre det elektronisk.

Send dokumentasjon til [email protected] eller Sturle Sunde, Sørstrandvegen 6, 6906 Florø

Mini-FAQ

  1. Rapporterer du alle transaksjonar?
    Nei, eg har plikt til å undersøkje transaksjonar som eg mistenkjer kan vere knytt til kvitvasking eller terrorfinansiering. Dersom undersøkingane mine ikkje avkreftar mistanken, må eg rapportere transaksjonen til Økokrim.
  2. Kven kan sjå informasjonen eg har sendt inn?
    Berre eg sjølv. Eg delar han ikkje med nokon andre, med mindre eg får pålegg om å dele han med politiet i samband med ei etterforskning. Finanstilsynet kan komme på tilsyn og krevje å få sjå dokumentasjonen min, for å sjekke at eg fylgjer rutinene mine. Når eg ein vakker dag får bankkonto til å starte firma, må du identifisere deg på nytt med nye vilkår, der selskapet får tilgang til informasjonen. Dersom eg har gjort spesielle notatar utanom den informasjonen du har sendt inn, til dømes om du er ein politisk eksponert person eller kvifor det ikkje er mistenkjeleg at du har ein haug bitcoin, kan eg la den informasjonen gå vidare inn i selskapet.
  3. Kor lenge lagrar du dokumentasjonen?
    Lova krev at eg lagrar identifikasjons-dokumentasjon i fem år etter vår siste transaksjon.
  4. Eg har oppretta ei autokjøp-avtale der pengane går til ein tredjepart. Må mottakar av pengane sende dokumentasjon?
    Nei. Dersom du vil påta deg ansvaret for autokjøp-avtaler med utbetaling til andre enn deg sjølv, er det heilt i orden. Eg krev ikkje at mottakar av pengane skal vere identifisert. Dette gjeld både nye og eksisterande adresser. Eg krev berre at avtala skal vere knytt til nokon med verifisert identitet.